MENTORPROGRAM NORDFJORD

Har du tenkt på kvifor du bør få deg ein mentor?

Ein mentor vil støtte deg, heie på deg, gje deg tilbakemeldingar, råd og hjelpe deg med å definere og nå dine mål. Ein mentor kan hjelpe deg å utvide nettverket ditt, utvikle karrieren din og holde deg motivert og fokusert på karrierevegen!

Vi har etablert eit mentorprogram for deg som er student frå Nordfjord slik at du kan få ein trygg start på studietida di, få betre kjennskap og tilknyting til mulegheiter på heimplassen, auka mestringsfølelse, samt stå betre rusta i møte med arbeidslivet og val av vidare karriereveg.

Vi har allereie fleire som har lyst å vere din mentor. Blir du med?