SOMMARJOBB I NORDFJORD

Maria Bortne: Superkraftjegaren

Ho har brukt sommaren på å jakte superkreftene til born i Nordfjord. Maria si jakt på eigne superkrefter gjekk i uventa retningar, men ho angrar ikkje vala sine. Den viktigaste lærdomen brukar ho til å nå dit ho vil, til og med til topps på brattaste Hornelen.

Jakta på superkreftene

Når vi pratar med Maria har ho ei vel fortent veke etter ein aktiv sommar.

Det tek på å jakte på superkrefter.

I fire veker har ho jobba med til saman 80 born som har delteke på Nordfjordakademiet sin sommarskule «Jakta på superkreftene». Det er ein gratis ferieklubb for born i 2. – 4. klasse.

Kvar veke lærte 20 born om ulike yrker og fikk ein forsmak på kva det blant anna vil seie å jobbe som kokk, elektrikar eller snekker. Dette gir borna sjansen til å finne ut kva ein likar å halde på med og nyttig å ha med seg når ein skal velje yrke på ordentleg seinare i livet.

Nordfjordakademiet tok kontakt

Maria har nettopp fått fagbrev innan barne- og ungdomsarbeid og jobba fram til i sommar som lærling i ein barnehage på Eid. Sommarjobben var derfor midt i blinken for henne.

Eg vart oppringt av Nordfjordakademiet som såg etter folk til sommarskulen. Eg takka raskt ja!

Sommarskulen var to veker i Svelgen i Bremanger og to veker på Sandane i Gloppen.

I løpet av veka var vi innom mange aktivitetar. Eine dagen kunne vi lære om mat og laga pizza, den andre dagen snekra vi fuglekasser. Det var så kjekt å sjå korleis borna ville hjelpe kvarandre.

Maria er takksam for erfaringa ho fekk i denne sommarjobben.

Det å møte alle borna var so gøy og lærerikt. Eg lærte jo mykje om dei ulike faga vi skulle lære vidare til borna. Det å stå foran ei heil barnegruppa ga god øving og meistringskjensle. Eg vart også godt kjent med dei andre eg jobba med, vi passa godt i hop. So alt i alt var det kjempekjekt og lærerikt. Det gav mykje glede og ei kjensle av å gjere noko viktig.

Ein bilmekanikar i barnehagen

I haust skal Maria studere påbygg på Nordfjordeid.

Det er mest for å ha moglegheita til å komme inn på høgskule om eg bestemme meg for det.

Ho er målbevisst og trygg på valet, men vegen fram har vore litt svingete.

Berre 16 år flytta ho til Eid utan heilt å vite kva ho ville bli. Fyrste året tok ho søm og handverk på Eid før ho gjekk vidare med barne- og ungdomsstudiar. Det var noko ho verkeleg ville satse på, men ho enda med å hoppe av.

Eg kjende på meg at det var ikkje passa meg akkurat då. Sjølv om eg ville få det til, så var det ikkje rett.

Maria voks opp i en bilinteressert familie og har lenge hatt bil som hobby. Derfor var det bilmekanikar ho valde å studere vidare. Men her fekk ho nye utfordringar.

Det var i koronatida og vanskeleg å få lærlingplass og jobb. So eg gjekk tilbake til barne- og ungdomsstudiane og då likte eg det. Det var ei modning hjå meg som var på plass.

Stole på kreftene sine

Maria sit med ein kombinasjon av studiar som er uvanleg, men som ho ser på som veldig nyttig.

Eg stressa med at alle andre hadde tatt strake vegen, medan eg stoppa opp og gjorde meir forskjellig. Men yrkene eg valde utfyller kvarandre, eg har lært av begge.

Bilmekanikar er framleis eit veldig mannsdominert yrke og utfordringane ho fekk der har ho lært mykje av.

På mekanikarlinja gjaldt det å tørre ting, der fekk du utfordringane opp i henda. Vi var tre jenter saman. Vi målte oss med dei andre og viste at vi var like gode.

Når eg har utfordra meg har et lært så mykje. Eg ser at eg klarte det, til dømes då eg sto utan jobb som mekanikar. Eg gjekk tilbake til barne- og ungdomsstudiar og var heldig med dei eg jobba med. Dei var støttande, og flinke til å skryte.

Det viktigaste ho sit att med i tillegg til ei unik yrkesutdanning er å tore å satse.

Ein må stole på dei verktøy ein har rundt seg, det går som regel fint uansett.

Den erfaringa kjem godt med når ho ein dag startar klatringa til Hornelen. Det å tore sjølv om noko er skummelt. Det å stå på toppen og kjenne at det gjekk jo fint.

Har du born som kan tenke seg å vere med til neste år kan du lese meir om ferieklubben her: