Topptur i Nordfjord

SOMMARJOBB I NORDFJORD

Topptur i Nordfjord

Booka jobbintervju på topptur 🤩

Måndagen i påska var heile 21 studentar ilag med lokale bedrifter med på topp-tur til Hoven i Loen ⛷️

Hensikta med opplegget er å knyte kontakt mellom studentane og næringslivet og vise studentane moglegheitene ein kan få her både når det gjeld jobb og fritid 😎

– Det konkrete målet vårt er å få fleire unge med relevant kompetanse til å ville jobbe, leve og bu i Nordfjord. For å oppnå dette må vi tenke kreativt og danne sosiale møteplassar der unge kan få vise seg fram og bli kjent med relevante framtidige arbeidsplassar. Samtidig vil vi nå dei som har interesse for eit aktivt liv og ønskjer å ta i bruk den vakre naturen vi har, seier Anders Lødemel.

Møtte framtidige arbeidstakarar

Det var overnatting på Lodgen Stryn, bedriftspresentasjonar, felles topp-tur og middag, der lokale bedrifter deltok ilag med studentane og vart guida av Svein Ørjasæter.

– Eg er imponert over kor flinke studentane var til å ta initiativ til ein god samtale, dei verkar oppriktig interessert i å flytte til Nordfjord og var nysgjerrige på moglegheitene vi har. Fleire av dei viser interesse for å komme og arbeide i Stryvo, no er det opp til oss å vere flink å halde kontakt med dei vidare. Eit supert initiativ av Nordfjordakademiet!, seier Torgeir Aarøen frå Stryvo.

Frå næringslivet var blant anna representantar frå Stryvo As, Sparebanken Vest, Stryn kommune og NORDFJORD OPPLÆRINGSKONTOR. Nokon fekk til og med avtalt jobbintervju på veg opp til toppen 💪

– Om vi klara å skape god stemning, vise fram kva vi kan tilby og lage eit nettverk av unge og flinke folk som kan vere våre framtidige arbeidstakarar – då er det ein suksess!, seier Anders Lødemel som var veldig glad for at bedriftene som var med fekk danna relevante kontaktar.

Unik rekrutteringsarena med påskestemning

Det var stor variasjon i studiar blant dei påmeldte studentane, deriblant fagfelt innan helse, automasjon, byggingeniør, VVS og energi- og miljø. Mange av dei er frå andre stadar i lande og er nysgjerrige på kva Nordfjord har å tilby.

– Dette er ein perfekt rekrutteringsarena for bedrifter som ønskjer å komme tett på studentane. Vi veit at den fantastiske naturen i kombinasjon med framoverlente og spanande bedrifter gjer at mange blir nysgjerrige og får lyst til å teste ut mulegeitene, seier Tonje Bjerkan.

Tonje kan informere at det var fleire av studentane som gjerne vil anbefale turen til vennar, men om ein skal arrangere liknande til neste år treng ein meir oppmøte frå næringslivet.

Perfekt stemning på Lodgen Stryn

I godt samarbeid med Lodgen Stryn fikk ein vist fram litt av det nye bygda har å by på, og det kan bekreftast god stemning med bading, badstu, grilling og kos rundt bålet.