Joffen har fått verdifull erfaring gjennom sommarjobben!

SOMMARJOBB I NORDFJORD

Joffen har fått verdifull erfaring gjennom sommarjobben!

I Nordfjord kan ein finne draumejobben!

Dette er ein artikkel om sommarjobben til Joffen frå 2022.

Jon-Fredrik Hopland (30) frå Stryn har brukt sommaren sin hos Norva24 og fått jobba med nettopp det han har utdanna seg som.

Jon-Fredrik, også betre kjent som Joffen, held på å utdanne seg innan datateknikk, ein 3-årig ingeniørutdanning på UiT Norges Arktiske Universitet. Underveg i utdanningsprosessen har han byrja å søkje etter ein sommarjobb i heimtraktene. Medan han var på leit etter ein relevant sommarjobb vart han tipsa om å kontakte oss i Nordfjordakademiet.

Eg ringte Nordfjordakademiet og forklarte kva utdanning eg tok og kva type sommarjobbar eg var ute etter. Dagen etter fekk eg ein mail om at Norva24 var interesserte. Kort tid etter hadde eg nokre møter med dei før sommarjobben var i boks.
Og med sommarjobben i boks var det berre å glede seg til nye utfordringar og god erfaring.

Norva24 er størst i Norden på å levere tenester innan vatn og kloakk, med lidenskapen om å tømme der det er fullt, opne der det er tett og spyle der det er skittent. Ein skulle kanskje ikkje tru at dette var ein relevant jobb for ein med dataingeniørutdanning men det er det så absolutt.

Denne sommaren har eg hovudsakleg utvikla eit dataprogram som skal handtere alle ordrane til alle bedriftene under Norva24 i både Norge, Sverige og Danmark. Dette er ei løysing som skal gi dei tilsette i selskapet moglegheit til å vise, redigere, opprette og slette ordrar på ein veldig enkel og oversiktleg måte.

I tillegg har han også oppretta databasar for lagring av diverse informasjon og utvikla eit API, som er eit program som ligg på ein server som gjer det mogleg å lese, skrive, oppdatere og slette data frå ein database.

App-utvikling er hovudsakleg delt opp i frontend (korleis appen ser ut og funksjonane til appen) og backend (programmering på server-sida, altså det brukarane ikkje ser). Så det at eg denne sommaren har fått erfaring i begge deler, er noko som absolutt er ein stor fordel for meg vidare.

Blei kasta ut i det

Sommaren på jobb har vore veldig utfordrande og lærerik.

Fyrst og fremst måtte eg lære meg eit heilt nytt programmeringsspråk som eg aldri hadde programmert i før. I tillegg er det utruleg mykje informasjon og data å halde styr på, og det er mange ting ein må ta høgde for når ein utviklar applikasjonar på eit slikt profesjonelt nivå.

Joffen likar å halde seg på kanten av ferdigheitene sine, og set stor pris på alt han har fått erfare i løpet av sommaren. Han er tydeleg på at det er der ein må ligge for å verkeleg bli god i noko.

Det gjelder uansett om ein skal bli god i å spele trommer, eller god i å programmere. Ein må «pushe» på litt og gå ut av komfortsona for å halde det spanande og bli skikkelig god. Det har eg fått gjort hjå Norva24.

Joffen legg til at han ikkje hadde klart seg så bra som han gjorde om det ikkje hadde vore for dei dyktige kollegane hans.

Heldigvis har eg hatt veldig flinke kollegaer som har gitt meg utruleg verdifull informasjon undervegs, svara på spørsmål når eg har lurt på ting, og gitt meg rom til å prøve og feile og utforske forskjellige måtar å gjere ting på. Eg vil spesielt gi ein shout-out til Roar Grønmo, som har vore mentoren min gjennom heile sommaren. Han har programmert sidan 1983 trur eg han fortalde meg ein gong, så han har lært meg utruleg mykje på veldig kort tid. Tusen takk!