Sindre Mulelid Hartvigsen har fått seg sommarjobb

SOMMARJOBB I NORDFJORD

Kunne du tenke deg å tilby sommarjobb til ein student men har planar om å ha sommarferie? Ingen problem!

Ungdomane er nøgde med all erfaring dei får – sjølv om de ikkje kan tilby dei jobb gjennom heile sommaren

Dette er ein artikkel om Sindre sin sommarjobb frå 2022.

Sindre Mulelid Hartvigsen (23) studerer for augeblikket master i bygg- og miljøteknikk på NTNU i Trondheim. Eit studie han syns er veldig interessant. Men når sommaren nærmar seg og dei siste eksamenane for semesteret er levert, vil han fort heim til vakre Nordfjord.

Og då er det fint å ha ein relevant sommarjobb å komme heim til. Så i ferien skal Sindre jobbe i produksjonen av prefabrikkerte betongelement i Stryn Betongelement, Førde Sement.

– Utdanninga mi er jo veldig bygg- og anleggsretta, og betong er eit av dei mest anvendelege og brukte materiala i bygg- og anleggsbransjen, så eg tenkjer at det er lurt å byggje seg opp litt erfaring med korleis det faktisk blir produsert og brukt, seier Sindre.

Sindre har fått tilbod om å jobbe i Stryn Betongelement frå byrjinga av juni til fellesferien startar omtrent midt i juli, for då held dei stengt.

– Men så skal eg jobbe eit par veker igjen etter fellesferien og før semesterstart. Det blir altså ikkje jobbing heile sommaren, men eg får oppfylt kravet frå NTNU om x-antal veker med studierelevant arbeidserfaring som eg må ha for å bestå studiet.

No er han klar for å endeleg få oppleve det praktiske ved utdanninga si.

– Eg gleda meg til å få litt praktisk erfaring som supplement til det teoretiske. Under pandemien hadde vi eigentleg ein del ekskursjonar og opplegg planlagt for å få meir praktisk tilnærming til faga vi driv på med, men dette har ikkje blitt noko av. Så vilja er desto større etter å få jobbe litt praktisk no.

Sindre har trua på at det å ha bygd seg opp litt erfaring rundt betongfaget gjennom ein slik sommarjobb vil komme godt med i utdanningsløpet.

– Eg får jo eit lite innblikk i korleis ei bedrift innan bygg- og anleggsbransjen fungera. Dette trur eg vil kunne vere med på å solidifisere at eg har valt rett studieretning.